Ensomhet i landbruket (colourbox)
Ensomhet i landbruket (colourbox)

Ingen omkomne i landbruket i år

Så langt i år har ikkje Arbeidstilsynet registrert ei einaste dødsulukke i landbruk, skogbruk og fiske.

Publisert

(Ill. foto: Colourbox.com)

I fjor registrerte Arbeidstilsynet åtte dødsfall i desse næringane, noko som gjorde dei til landets farlegaste arbeidsplass. Tala gav ein dødfrekvens på 13,8 pr. 100 000 tilsette. Dette førte landbruk, skogbruk og fiskeri heilt til topps på 2010-statistikken over dødsrisiko i yrkeslivet, skriv bt.no.

For året 2011 ligg det an til å bli annleis: Pr. 20. juli i år hadde ikkje Arbeidstilsynet registrert ei einaste dødsulukke i desse tradisjonelt risikofylte primærnæringane.

Gledeleg utvikling

Leiar i Norges Bondelag Nils T. Bjørke seier til bt.no at dette er ei utruleg positiv og gledeleg utvikling: – Dette har vi arbeidd mykje med, og det er fantastisk om vi no byrjar å sjå slike resultat av det, seier han til nettstaden.

Sidan 1989 har Arbeidstilsynet registrert 273 arbeidsulukker med dødeleg utgang i landbruket. Dei siste ti åra har talet på dødsulukker i næringa variert sterkt frå år til år, frå fire tilfelle i 2006 og 2007 og opp til 16 og 17 dødsulukker i høvesvis 2005 og 2000. Og altså ingen dødsulukker registrert så langt i 2011.

– Det ser jo veldig bra ut så langt, seier seniorinspektør Håkon Willerud i Arbeidstilsynet til bt.no. Han håper at årsaka er den stadig aukande merksemda på tryggleiken i desse bransjane. I landbruket har mellom ti og elleve tusen personar no gjennomført kurs i helse, miljø og sikkerheit (HMS).

Skjer framleis ulukker

Willerud strekar under at statistikken ikkje er offisiell, men at dette er tala Arbeidstilsynet har registrert så langt i år. Seniorinspektøren strekar under at sjølv om talet på dødsulukker no ser ut til å gå ned, så er det ingen grunn til å seinke skuldrene i arbeidet med å heve tryggleiken.

– Det skjer jo framleis ulukker i landbruket, men heldigvis ikkje så mange med dødeleg utgang, seier han, og håpar at dette no er reelle tal, og ikkje berre tilfeldige svingingar.

Unge bønder, betre tryggleik

Det gjer også bondelagsleiar Nils T. Bjørke, som trur at haldningsarbeidet i bondeorganisasjonane no gjev resultat.

– Særleg dei yngre bøndene tek tryggleiken meir på alvor enn vi kanskje gjorde tidlegare. Dei er flinkare å bruke verneutstyr og å bruke belte i traktoren, passe på roterande akslingar, alt slikt, seier Bjørke. Då han var utdanna bonde på slutten av 1970-talet, var tryggleiken i landbruket i ferd med å bli eit tema, men han vedgår samtidig at utviklinga har vore rivande.

– Eg har sjølv erfart kor fort det kan gå gale, og eg kjenner sjølv folk som har hatt ulukker. Vi veit alle kor viktig det er å tenkje tryggleik. Så er det om å gjere å hugse på det også i den travlaste kvardagen, seier han.

Sikrare, men framleis farleg

Sjølv om primærnæringane i ei årrekkje har vore arbeidsplassane med høgast dødsrisiko, har talet på ulukker gått tilbake også her. I ein rapport har Arbeidstilsynet analysert årsakene til nedgangen. Dei peikar på den generelle nedgangen i talet på sysselsette i næringane, men meiner dette ikkje er heile forklaringa.

Påbodet om montert setebelte i traktor, og krav om bruk der det er fare for velt, er det viktigaste tiltaket, heiter det. Talet på omkomne i traktorvelt vart meir enn halvert etter at påbodet kom i 2002. Nye HMS-krav i landbrukets kvalitetssystem har også spela inn, samt det forholdet at tidlegare manuelt arbeid no blir utført med maskiner.

Trass i beltepåbod og færre ulukker er traktoren framleis den klart farlegaste maskina i landbruket, og var involvert i halvparten av alle dødsulukkene i perioden 1989 til 2008.

(bt.no)

Hold deg oppdatert med vårt gratis nyhetsbrev som sendes ut en gang i uken!Abonnér på HMS-magasinet, og få seks utgaver i året!

"
Powered by Labrador CMS