Grete-Lund-Ulstein-Verft
Grete-Lund-Ulstein-Verft

Fleirkulturelt verft i vest

Sjølv om Ulstein Verft har 400 eigne tilsette, må bedrifta leige inn meir folk for å ta toppane. Då summar det i språk frå mange ulike land på verftet.

Publisert

HMS-leiar Grete Lund ønskjer velkommen til Ulstein Verft. (Foto:Jan Tveita)

– Polakkane er i fleirtal, men vi har også til dømes rumenarar, litauarar og danskar i full aktivitet her, fortel Grete Lund, HMS-leiar på Ulstein Verft.

Lund legg til at verftet stort sett har hausta gode erfaringar med sine innleigde folk, men legg heller ikkje skjul på at det har vore utfordringar knytt til møtet mellom ulike kulturar i Ulsteinvik, spesielt i den første tida då dei kom dit.

– Språk er eitt døme, seier ho: Med fleire ulike språk kan det lett oppstå mistydingar og farlege situasjonar fordi folk ikkje forstår kvarandre. Her på anlegget må du vere på vakt heile tida, truckar og lastebilar køyrer att og fram, og svære lastekraner er i sving.

Stadig større aksept

– Før kjente alle kvarandre, alle kjente alle på verftet. Men slik er det ikkje nå lenger, vedgår Lund. Til tider kan det faktisk vere fleire innleigde enn eigne tilsette i arbeid her, seier ho.

HMS-leiaren meiner at aksepten gradvis er blitt større i løpet av dei åra verftet har nytta innleigde:

– Vi er avhengige av alle ledd for å få arbeidet til å fungere. Dei utanlandske arbeidstakarane er nødvendige, da vi ikkje klarer å få tak i nok norske kvalifiserte arbeidstakarar.

– Verftet har dessutan ikkje berre behov for produksjonsarbeidarar. Vi har heile tida eit stort behov for til dømes ingeniørar, nå får vi dei mellom anna frå Romania òg, seier Lund.

Gode arbeidsfolk

– Vi har hausta svært gode erfaringar med arbeidet dei fleste utanlandske arbeidstakarane gjer, understrekar Lund. Dei jobbar veldig bra, og står gjerne på litt ekstra når det trengst.

– Derfor vil vi gjerne ha attende dei same folka ved verftet neste gong, dei folka vi er trygge på, seier ho.

Tilbod om husvære

Dei innleigde har tilbod om husvære i bustadriggar dei vekene dei jobbar turnus ved verftet.

– Men sjølv om store delar av døgeret går med til jobbing, kan det bli einsamt å sitje på brakka når familien din sit att heime i Polen. Då er det viktig å ha gode tilbod av ulike slag for å lette på den sosiale situasjonen:

– Tilkopling til internett er populært. Då kan folk snakke med familien sin heime. Aktivitetar på fritida, slik som fotballturneringar på tvers av firma, katolsk messe på polsk, norskkurs og engelskkurs, har òg stor oppslutning, seier Lund.

Tryggleik og trivsel

– Mange av tiltaka kom i kjølvatnet av arbeidsmiljøprosjektet Tryggleik og trivsel, som starta våren 2008, fortel HR Manager Anne Holstad. Også Kleven Verft og Myklebust Verft var med på det same toårige prosjektet, som blei avslutta i fjor: Målet var å gjere alle tre verfta til arbeidsplassar der alle som er innanfor portane skal oppleve å arbeide trygt, og kjenne på trivsel i kvardagen, heiter det i prosjektrapporten.

Grupper på tvers

– Vi sette saman grupper på tvers av avdelingane, i alt deltok 60 personar frå Ulstein Verft, fortel Holstad vidare. Saman utarbeidde vi fem delmål vi skulle nå i løpet av dei to åra:

– Vi ville skape ein tryggare arbeidsplass der alle skulle kjenne at dei høyrde til, både dei som var tilsett ved verftet frå før og dei nye som kom hit frå utlandet. Dette ville vi gjere ved å auke trivselen og utvikle gode sosiale tilbod, spesielt for dei som var langt heimanfrå.

– Eit siste delmål på lista hadde òg med tryggleiken å gjere: Verftet ville betre akuttberedskapen for krisesituasjonar.

Kva er eit verneombod?

– Vi er hele tida opptatt av å førebyggje skader og uhell. HMS-statistikken viser at vi er på rett veg, meiner HMS-leiar Lund. Vi oppmodar alle tilsette til å snakke om skader og uhell som oppstår, og ikkje minst rapportere dei vidare.

– Det siste har vore ei utfordring, mange frå utlandet har ingen kultur for slik rapportering, seier HMS-leiaren, som legg til at verftet markerer kvar 50. skadefrie dag med pizza eller kake.

Verftet stiller krav om at alle innleigde firma skal ha ein kontaktperson som snakkar engelsk, av omsyn til tryggleiken. Det er òg oppretta ei fadderordning, og ein gong i året har verftet ein Safety Day, eit tiltak dei innleigde òg er svært positive til, fortel Lund.

Alle innleigde verksemder med fleire enn ti tilsette skal ha eit verneombod. Problemet er at dei ofte ikkje veit kva eit verneombod er: – Som HMS-leiar er du heilt avhengig av vernetenesta. Vi kursar difor verneomboda våre to-tre gonger i året. HMS-leiaren har møte med hovudverneombodet ein gong i månaden, og verneomboda har møte med hovudverneombodet annakvar veke.

– Verneomboda er lette å få auge på ute på anlegget med sine knallgule hjelmar, seier Lund. Verftet har nå 14 verneombod, inkludert hovudverneombodet.

Sjukefråveret ned

Sjukefråveret viser ei gledeleg utvikling ved verftet:

– I 2010 enda det på 5,5 prosent, ein nedgang på heile 23 prosent, opplyser Lund. Ho legg til at verftet starta eit sjukefråversprosjekt i 2009, og hu trur at mykje av nedgangen kan tilskrivast dette. Blant kvinner gikk fråveret ned med 48 prosent, nærmast ei halvering samanlikna med året før. Dei yngste arbeidstakarane hadde òg ein stor reduksjon i fråveret: Heile 56 prosent samanlikna med året før, seier Lund.

HMS-opplæring for å komme inn

– Alle, både eigne tilsette og innleigde, må gjennom HMS-opplæring. Først då får dei tildelt adgangskort:

– Du får ikkje sleppe inn på anlegget her før du har bestått HMS-opplæringa, understrekar Lund, som legg til at alle leiarane i produksjonen dessutan må gjennom eit kurs i fleirkulturelt arbeidsliv.

IA-dag for damer

IA-dag berre for kvinner er eit noko spesielt tiltak på Ulstein Verft:

– Vi har ca. 80 kvinnelege tilsette, alt frå ingeniørar til reinhaldarar. På denne dagen set vi søkjelyset på kvinnehelse, opplyser HMS-leiar Grete Lund.

Fulle ordrebøker

Det er ikkje berre i Ulsteinvik at Ulstein Group har aktivitet. Til dømes blir dei fleste skroga bygd i utlandet. Skroga blir deretter utrusta i Ulsteinvik. For tida går det bra på verftet:

– Vi har fulle ordrebøker ut 2012, opplyser HMS-leiar Grete Lund.

Det er svære dimensjonar over skipa frå Ulstein Verft. Den runde akterenden er kjennemerket til verftet. (Foto: Jan Tveita)

Hold deg oppdatert med vårt gratis nyhetsbrev som sendes ut en gang i uken!Abonnér på HMS-magasinet, og få seks utgaver i året!

"