Dei offentlege byggherrane samarbeider no tett om å oppnå målet om skadefrie byggje- og anleggsplassar i Noreg, melder Forsvarsbygg. I år vann Veidekke prisen for beste arbeid med sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) med prosjektet Marienfryd på Ensjø i Oslo.
– Veidekke går føre som eit godt døme på eit involverande, lærande og innovativt SHA-arbeid i alle fasar av byggjeprosjektet, både gjennom planlegging, prosjektering og gjennomføring, grunngjev juryen.
Sikkerheit i alle fasar
Forsvarsbygg, Statsbygg, Statens vegvesen og Jernbaneverket har dagleg det overordna ansvaret for sikkerheita til tusenvis av arbeidstakarar. Prisutdelinga er del av ei felles satsing på skadefrie byggje- og anleggsplassar.
– Heile byggje- og anleggsbransjen må tenkje sikkerheit, helse og arbeidsmiljø i alle prosjekt, heilt frå prosjekterande til entreprenør og arbeidstakarar. Prosjektet Marienfryd er eit døme på korleis det kan gjerast, seier juryen.
Skadefri arbeidsplass
Nesten kvar månad skjer det ei dødsulykke på byggje- og anleggsplassar i Noreg. I løpet av eitt år blir 100 personar påført varige mén. Desse tala vil dei offentlege byggherrane til livs.
– Målet vårt er at alle skal kome uskadde heim, seier dei offentlege byggherrane med adm. direktør Frode Sjursen (Forsvarsbygg), Harald Nikolaisen (Statsbygg), jernbanedirektør Elisabeth Enger og vegdirektør Lars Aksnes i spissen.
Grunngjevinga frå juryen
● Tidleg og gjennomgåande involvering ved å inkludere arbeidstakarar og underentreprenørar i tidleg fase.
● Nytenking ved å involvere utanforståande aktørar, som Norges Astma- og allergiforbund.
● God og systematisk rapportering.
● Gode planar som viser at prosjektet har fokusert på krav frå lovgjevar når det gjeld sikkerheita til arbeidarane.
● Systematisk læring av avvik med læringsoverføring til neste prosjekt og/eller fase.
● Solide ressursar og kompetanse til planlegging før byggjestart og undervegs i prosjektet.
● Metode og materialval synest å ha moment som skal ivareta sikkerheita til arbeidarane.
Juryen har bestått av representantar frå Arbeidstilsynet, offentlege byggherrar, bransjeorganisasjonar og arbeidstakarsida.