Brannøving-Havyard-Ship-Tec
Brannøving-Havyard-Ship-Tec

Ein dag med sikkerheit og helse

Det vart ein annleis arbeidsdag for dei tilsette ved Havyard Ship Technology i Leirvik på tysdag. Nesten heile dagen var sett av til HMS på fleire felt.

Publisert

Leiv Røv frå Aak demonstrerer tilkomstteknikk (Foto: Sigvar Giil)

– Det er ei viktig prioritering at vi brukar desse arbeidstimane på dette, sa verftsdirektør Trygve Solaas under opninga. Alle skal ha det trygt og kunne ta vare på helsa si på arbeidsplassen sin. Og når sikkerheita aukar, går også effektiviteten opp, sa han.

Livsstil, kosthald og trening

Alle fekk delta på nyttige føredrag, aktivitetar og demonstrasjonar etter ynskje. Livsstil, kosthald og trening var ein del av opplegget, og to inspirerande damer frå Stamina HOT ga nok mange lyst til å endre livsstilen litt.

– Det er kjekt at bedrifta prioriterer helsa til dei tilsette, sa ernæringsfysiolog Solrunn Senneset mellom føredraga. Det er viktig med ei bevisstgjering på korleis ein prioriterer kroppen sin, og kor aktiv ein faktisk er i løpet av døgnet. Eg håpar dette kan gje folk ein tankevekkjar, sa ho.

I det nyopprusta treningsrommet ved verftet kunne ein få treningstips av fysioterapeut Bodil Vartdal Ryste. På slutten av dagen kunne ho oppsummere at mange hadde vore innom og vist interesse.

Aktivt industrivern

Obligatorisk for alle var brannsløkkjing og hjarte-lungeredning. Bedrifta sitt eige industrivern gjorde der ein framifrå innsats, og stod på heile dagen for å instruere samtlege.

Arbeidslivssenteret heldt føredrag om konflikt og samarbeid, medan Aak arrangerte øvingar med evakuering for kranførarane, samt tilkomstteknikk og fallsikring for aktuelt personell.

Kyvik frå Bergen informerte om støy, støv og gassar, og Geir Sandengen tykte det var flott å få høve til å fortelje om kva produkt ein kan nytte for å beskytte seg mot hørselsskadar.

– Eg er van med at det oftast blir ein monolog i slike samanhengar, men her har det vore ein fantastisk kommunikasjon med dei frammøtte. Dermed har det ikkje berre blitt fokus på produkta, men like mykje ein diskusjon om kva støy ein må beskytte seg mot, fortalde han etter at første gruppe hadde vore innom.

Sunn lunsj til alle

Sidan kosthald sto på programmet denne dagen, serverte BAMA sunne smaksprøvar til alle. Men også SAIM Catering var involvert. Dei driv kantina ved verftet, og saman med fleire av sine samarbeidspartnerar diska dei opp med sunn lunsj til alle.

Fleire av dei tilsette fekk gjennom dagen spørsmål om sitt synspunkt på HMS-opplegget. Kjempebra, flott og supert, var ord som gjekk att. Mange tykte det var nyttig med ei oppfrisking, samt bevisstgjering på sikkerheit og førebygging, og at det er viktig å få sjå og prøve ting. Kort oppsummert vart dette mottatt som eit svært positivt tiltak, der ein fekk ei avveksling frå den vanlege arbeidskvardagen med på kjøpet.

Hold deg oppdatert med vårt gratis nyhetsbrev som sendes ut en gang i uka! Abonnér på HMS-magasinet, og få seks utgaver i året!

"