Nor-Tekstilservice-Voss-1

Arbeidsmiljøpris til Nor Tekstilservice på Voss

Nor Tekstilservice Drift AS avdeling Voss vann årets arbeidsmiljøpris frå Voss Bedriftshelseteneste. Prisen blei delt ut på årets HMS-dag 3. november på Voss.

Publisert

Frank Robert Aas (t.v.) og Tor Lauritzen i Nor Tekstilservice AS tar imot arbeidsmiljøprisen 2010 frå Voss BHT. (Foto: Voss BHT)

På folkemunne går den verdige vinnaren berre under navnet Vaskeriet på Evanger. Meir formelt heiter bedrifta Nor Tekstilservice Drift AS avdeling Voss.

Dei som tok imot prisen på vegner av bedrifta, var dagleg leiar Frank Robert Aas og regionsjef i Hordaland, Tor Lauritzen.

Fire nominerte

Nor Tekstilservice på Voss var ei av fire nominerte verksemder. Dei andre kandidatane var Skulestad barnehage, Voss kommune avdeling for tekniske tjenester og entreprenør Johs. E. Øvsthus.

I grunngjevinga for prisen heiter det blant anna: Prisen går i år til ei bedrift som har vist stor evne til å sjå mulegheitene og ikkje avgrensingene.

Vinnaren peikar seg ut ved å ha gjort ein merkbar innsats for det lokale arbeidsmiljøet sitt, og har HMS-arbeidet som eit gjennomgåande og viktig satsingsområde, både på høgare og lågare nivå i organisasjonen.

HMS-magasinet gratulerer Nor Tekstilservice på Voss med prisen!

(Voss Bedriftshelseteneste)

Hold deg oppdatert med vårt gratis nyhetsbrev som sendes ut en gang i uken! Abonnér på HMS-magasinet, og få seks utgaver i året!

"
Powered by Labrador CMS