peltormp3 q.jpg

Hørselsvern for MP3-generasjonen

Peltor er ute med eit nytt hørselsvern med digital radio, enkelt batteriskift og inngang for kabel frå til dømes MP3-spelar, skriv gardsdrift.no.

Publisert

Digital radio med plugg.

Hørselsvernet er å finne i butikkane no. Radioen har klassisk skruknott for av/på og volumjustering. Radioen har digital søking, og eit display viser frekvensen. Du kan lagre stasjonane. I tillegg kan du altså plugge i ein vedlagt kabel mellom hørselsvernet og kva som helst slags dippedutt med standard jackplugg. Eit genialt hørselsvern for spedbarnsforeldre med babycalling, og kjekt å ha for MP3-avhengige.

Dei to AA-batteria bur og arbeider bak eit deksel med lokk du klikkar på plass. Ingen skrue her, altså. Hørselsvernet blir levert i kvitt og svart. I butikken der vi fann det, er prisen kr 900 pluss moms.

(gardsdrift.no)

"
Powered by Labrador CMS