Du er her

Forsvarsbygg signerer byggcharter

Forsvarsbygg har no signert charteret for ei skadefri byggje- og anleggsnæring.
Av Jan Tveita
Publisert 09.12.2015 12:00
Setermoen. (Foto: Tine Poppe/Forsvarsbygg)

Forsvarsbygg er med det også formelt tilslutta gruppa som har plikta seg til å samarbeide om ein forsterka innsats for å gjere byggjeplassen til ein sikker arbeidsstad, heiter det i ei pressemelding frå Forsvarsbygg.

Ferdige handlingsplanar

Tidlegare har Statsbygg, Statens vegvesen, Jernbaneverket, RIF, Arkitektbedriftene, BNL, MEF, Norsk Teknologi, Fellesforbundet og Norsk Arbeidsmannforbund signert. Gruppa har alt utarbeidd handlingsplanar med tiltak som skal få særleg prioritet. For 2016 vil særleg SHA-planar, HMS-indikatorar og læring frå ulukker bli fokusområde.

Strenge krav frå før

Forsvarsbygg har i alle prosjekt strengare tryggleikskrav enn det som er pålagt i forskrifter. Likevel har vi skadar på byggjeplassane våre. Skadane fordeler seg på mange typar og har komplekse samanhengar mellom direkte årsaker og årsaker som ligg bak.

– Forsvarsbygg arbeider for å skape ei skadefri byggje- og anleggsnæring. Vi skal ha gode system, god kompetanse og gode haldningar i alle ledd. Chartersamarbeidet hjelper til å skape gjensidig involvering og kollektiv innsats frå alle i næringa, seier adm. direktør Erik Øimoen i Forsvarsbygg.(Pressemelding)

Hold deg oppdatert med vårt gratis nyhetsbrev som sendes ut en gang i uka! Abonnér på HMS-magasinet, og få seks utgaver i året!

"